Årets andre konsert på Hemom 2024 er med duoen Odde & Holmen som ga ut sin andre plate høsten 2023.Lokale for konserten er ikke bestemt, men informasjon
Arrrangementsdetaljer
Årets andre konsert på Hemom 2024 er med duoen Odde & Holmen som ga ut sin andre plate høsten 2023. Lokale for konserten er ikke bestemt, men informasjon kommer snart.
Bjørn Kåre Odde (frå Garmo) på bratsj og Sivert Holmen (frå Valdres) på hardingfele utgjer duoen Odde & Holmen. Hausten 2023 kom dei med sitt andre album, “Føreferd” og no får vi oppleve dei på konsert i Engerdal. Musikken er deira eigne komposisjonar basert på hardingfelemusikk som sømløst blir sydd saman til ein heilskap med improvisasjonar og klangbaserte stykke. Det har ikkje vore spesielt vanleg å kombinere hardingfele med andre strykeinstrument, men duoen har sidan 2012 utforska korleis hardingfela kan få nytt liv i kombinasjonen med Bjørn Kåre sin bratsj. Sivert og Bjørn Kåre studerte saman på Noregs musikkhøgskule i Oslo for omlag ti år sidan. I 2015 vart dei som duo kåra til Årets Folkemusikar under Folkelarm, og har seinare gjeve ut albumet «Sumarmorgon» og turnert i store deler av Noreg.