march, 2021

Event Details
DNT Engerdal og Trysil har på nytt den store gleda av å invitere til Friluftskolen Villmarksvekkua i 2021! Måndag 1.mars starter Friluftskolen Villmarksvekkua
more
Event Details
DNT Engerdal og Trysil har på nytt den store gleda av å invitere til Friluftskolen Villmarksvekkua i 2021!
Måndag 1.mars starter Friluftskolen Villmarksvekkua opp sin 7. VV på Blokkodden Villmarksmuseum i Engerdal. 3 dagar til ende skal vi orientere oss fram i furuskogen ved Drevsjøen, lure storfisken på isen, lære oss bålfyring vinterstid, få servert tradisjonell Sør-samisk middag, bo i tømmerkojer og leve det beste livet vi vet, nemleg friluftslivet. Ideen kom frå Anno Museum om vi ikkje ville vere der, og samarbeidet med dei gler vi oss til. Altså Friluftskolen Villmarksvekkua 1.-3.mars på Blokkodenn Villmarksmuseum for dei mellom 10-13år, eller deromkring. Påmeldingsinfo kjem i løpet av veka.
Etter den rekordstorepågangen i 2020, så har vi i år planlagt 3 VV i 2021! Det er plass til 15 stk for kvar samling og alle er uavhengige av kvarandre, slik at ein kan melde seg på alle tri, om det skulle vere interessant. i juni inviterar vi til kanoferd i Jyltingsmarka med stong- og garnfiske, stor kokkekunst, overnatting i telt, lavvo eller hengekøye og store turopplevingar i padleeldoradoet.
Den siste VV, i juli, er enda uavklart, men planane er fleire og kjemeartige. Så vi gler oss til det også. Henteplassen blir i Trysil, men kvar starter ferden?
Prisen er den same som før: 500kr per VV. Inkludert diplom, panneband, all mat og utstyr og gode leiarar.
Leiarar for Friluftskolen VV i 2021 er dei same som dei siste to åra: Gaute Stubsveen og Per Jørgen Høye. Vi gler oss enotmt til å møte villmarkingar i våre to fantastiske kommunar i 2021.
Vel møtt
Beste helsing
Friluftskolen Villmarksvekkua ved leiar Per Jørgen Høye
Time
march 1 (Monday) - 3 (Wednesday)
Location
Blokkodden Villmarksmuseum
Organizer
Villmarksvekkua DNT Engerdal og Trysil